Kurs

Fotoklubben prøver å ha ein opplæringskveld kvar månad. Enkelte gongar har vi hatt lenger kurs som har gått over tre eller fira tysdagskveldar (ein kvar månad). Andre gongar har vi enkle kurs som varar i ca. 2 timar.

Vi har hatt kurs i grunnleggjande kamerateknikk, komposisjon, blitz, oppskarping, Lightromm, Photoshop, Timelapsrigg, panorama og mykje anna.

Normalt baserer fotoklubben seg på kunnskap hos medlemmer, men har også henta inn krefter frå naboklubbar eller av andre med relevant erfaring.

Opplæring på nett

Det fins mykje bra kameraopplæring på Internett, men mykje er på engelsk.
Her er eit eksempel på grunnleggjande kamerateknikk i form av ein 10 minutt lang opplæringsvideo: