Månadens foto


Vi arrangerer normalt fotokonkurransen Månadens foto den første tysdagen kvar månad.

Vinnarbileta havnar på veggen i fotoklubben sine lokale, samt at vi vil prøva å få dei publisert, med vassmerke og kreditering på Internett, i lokalavisa, i ei fotobok, osb.

Her er reglane våre

  • Du kan berre melda på dine eigne foto som ikkje har vert med tidlegare.
  • Maks 3 foto per deltakar.
  • Betalande medlemmer som ikkje møter opp til konkurransen kan levera inn 1 foto.
  • Vi samlar poeng gjennom heile året, og kårar årsvinnarar på årsavsluttinga i desember.
    • 1. plass gir 15 poeng
    • 2. plass gir 10 poeng
    • 3. plass gir 5 poeng
  • Innsendte bilete er ikkje med å stemmer, og mister ein prosentandel av poengsummen, basert på frammødte.
  • Ved ferre enn to deltakarar, utgår poengfordelinga.

Juriering

Dei som møter opp på sjølve konkurransen gir karakter (terningkast) i fira kategoriar:
  • Teknisk - din vurdering av fotografiet sine tekniske kvalifikasjonar
  • Komposisjon - din vurdering av fotografiet sin oppbygging og utforming
  • Smak - personleg vurdering
  • Tema - Kor godt traff fotografen temaet (utgår ved fritt tema)
Poengskala
1 - Full bom
2 eller 3 - Passe midt på
4 eller 5 - Bra og veldig bra
6 - Kunne ikkje blitt betre

Innlevering

  • Du kan levera inn bileta på ein minnepinne ved oppmøte
  • Du kan senda bileta som vedlegg per e-post til: post (alfa) oddafoto (punkt) no
Om du ikkje ønsker at fotoklubben skal brukar ditt foto vidare, må du melda tydeleg frå om dette.

Manipulering og juks

Fotoklubben har ikkje teke stilling til korleis ein skal hantera spørsmål om fotomanipulering og juks.
Utan at det gjeld for oss, er dette ein tekst som enkelte andre brukar:

"Eit bilete kan ikkje endrast. Med dette meinar ein at ingen av elementa kan fjernast eller leggjast til. Sjølve bilete må vera ei sann representasjon av kva som fann stad framfor kameraet under eksponeringa. Beskjæring, fjerning av støv, vanleg justering som eksponering og omgjering til svart-kvit, i tillegg til fargekorrigering som framhevar bilete si ektheit, er likevel akseptabelt."

Oppdatert av Håkon den 11.03.2013.
Her er nokon tema som vi har hatt:
  • 2008.10 – Fart – Astrid
  • 2008.11 – Vatn – Jan Einar
  • 2008.12 – Fritt – Dag Endre
  • 2009.02 – Makro – Rune
  • 2009.03 – Svart-kvit – Renate
  • 2009.04 – Portrett – Renate
  • 2009.05 – Fritt – Dag Endre
  • 2009.06 – Is – Geir
  • 2009.09 – Kul – Geir
  • 2009.10 – Smelteverket – Renate
  • 2009.11 – Haust – Geir
  • 2009.12 – Urbane Odda – Dag Endre
  • 2010.01 – Vinter – Dag Endre
  • 2010.02 – Fritt – Håkon
  • 2010.03 – Næsti/ekkelt – Håkon
  • 2010.04 – Panorama – Øystein
  • 2010.05 – Musikk – Dag Endre
  • 2010.06 – Gamalt og nytt – Renate
  • 2010.09 – Sommar – Håkon
  • 2010.10 – Fritt – Øystein
  • 2010.11 – Fritt – Øystein
  • 2010.12 – Innramming – Vivian
  • 2011.01 – Landskap – Helge S.
  • 2011.02 – Portrett – Geir G.
  • 2011.03 – Frost – Helge S.